Hildegunn & Leif-Per
Billetter
Om arrangementet
Den eksentriske humorduoen Hildegunn og Leif-Per kjem til Frøya kulturhus for første gong!
Frå 1998-2010 snudde dei opp ned på heile den norske humorbransjen og vart sett av 170 000 menneske over heile landet. Etter mange års pause gjer komikarane Frderik Steen og Ørjan Liavåg no comeback med figurane sine, og showet er sett av meir enn 14 000!
Sunnmørsposten ga showet terningkast 5 og skriv mellom anna: "Dette gir puls!" "Typene! Sangene! Tekstene! Musikken!"
Er det ein konsert? Er det eit show? Vi er sanneleg ikkje heilt sikre, men det er berre å spenne seg fast for noko av det snålaste og gøyaste i den norske underholdningsbransjen akkurat no.
Av og med Fredrik Steen og Ørjan Liavåg
Regi: Karina Aase
Varigheit: 1 time og 20 min.
